tysdag 22. mai 2007

Finnøy-Lura 6-2


For ein hærlige kveld på Leikvoll! Etter siger i første heimekamp, har det vore biringt med poengfangst for A-laget. Skal me tru trenar Nils Petter, hadde laget leia serien dersom fotballkampar berre hadde vart 60 minutt. Det har blitt mykje baklengs mot slutten, med andre ord. Kampen mot Lura byrja meget bra, Roger reiv seg laus og slo inn til Tor Magne, som heada i boge over keeper. Kanonmål. Så scora Lura eit mål som slett ikkje var av den trivelege sorten for Finnøy-keeperen. Lura scora igjen, og leia til pause. Det såg ikkje bra ut, men Finnøy hadde sjansar utan å våga å avslutta.

Etter pausen var det lenge stillingskrig. Lura hadde eit par svært farlege skot som blei redda på ypperleg vis, før Roger fann ut at det trass alt forplikar å vera styremedlem i fotballgruppa. Han banka inn 2-2. Like etter vart det straffe som Kjell Arne drylte inn. 3-2. Det vart målfest etter dette. Nils Atle scora, Trond scora eit eller to, og Roger banka vel og inn eit mål til. Det er litt vanskeleg å sei. Det var så gripande.

- Kåre

Ingen kommentarer: